I'm coming home :) Ciao Italia!

Heiii :)

I dag er siste dagen min her  i Italia. Det er
sjukt trist å tenke på, men eg er i grunn klar for
å reise heim. Tidspunktet er perfekt, heim til jul og snø!
For dei som lurer så er vi heime på sandane natt til
tirsdag :))!

Italia har vore eit eventyr, det følest ut som eg har vore på
ferie i 3 månedar. Eg anbefalar alle å reise på utveksling
dersom dei får sjangsen. Eg har ikkje angra eit einaste
sekund. Det har vore med på å forandre korleis eg ser
på ting og eg trur eg vil sette meir pris på ting no enn
før. I italia har eg fått vennar eg veit eg vil ha for resten
av livet :) Kjem til å savne dette landet så sinnsjukt!



Alle turane til stranda <3

Ut i byen å møte folk laurdagskveldane :)

Taco kveld med jentene!

St. Peterskyrkja :)

Hårfarging !

Brownies baking hos Eirik i Castignano :)

Den vakre vingården min!

Kjæresten kom på besøk <3

Vi var i Roma med Comenius prosjektet der vi møtte dei andre norske utvekslings-
elevane :)

Grautlaging hos Linnèa :)

Alle dei herlige bakedagane eg og Linnèa hadde :)

Bursdag til Elena, ei av dei som var 4 månedar på firda i fjor :)

VIP- billettar til fotballkampen til Ascoli (serie B)



Fest i kjellaren saman med vertsøsken og klassekameratar :)

Roma- Lecce!

Vertsbestemora mi- Italias herligaste <3

Bologna med Maria ! :D

Bursdag til Gaia :)

Alle dei tusen cafè besøka i skuletida :)


Ettermiddagstur til Offia :)


Dei herlige date-ane med Martine ! :D heldigvis kan vi
fortsette med det i Norge :))

Den herlige steminga i sentrum, alltid masse folk :)!



Lunsj saman med alle vertsfamiliane. Kjempe fint pynta med mange norskeflagg :)





Fotballaget <3 <3



Herlige folk! :)

Siger i siste fotballkamp! :)

Heisann :)

I morgon blir mitt siste blogginnlegg. Så dersom de har nokon
spørsmål om opphaldet mitt så kom med dei no! :D Blir ikkje
meir blogging før eg skal ut å reise i gjen- som blir ei stund til!

Kampen i går vann vi 4-1 :D Sjukt digg med siger i siste kampen og
vi spelte den ute på kunstgras! Eg fikk æren av å vere kaptein noko
som var skikkelig kjekt :) I går måtte vi sei hade til 2 av jentene
og først då gikk det opp for meg kor mykje den gjengen har betydd
for oss og kor trist det blir å måtte reise her i frå. Resten skal vi
Seie hade til i morgon, då blir det fest for oss norske der alle vi
har blitt kjendt med kjem :) Eg gruar meg til å måtte sei hade!..

Ellers hadde vi avslutningsfest på skulen idag. Vi viste filmen vår,
Linnèa og Jenny sang og så holdt vi ei lita tale. Det var utruleg
trist, men også fint :)

Denne vekar er  det mykje marked i byen, veldig koselig :)
Dei har og sjukt mykje pynt i gatene.  Lys rundt palmane, over alle
torga, på bygningane osv. Nesten litt for mykje! Men det gir stemning :D


Oss og ein som alltid stiller opp for fotballaget, superkoslig mann :) Han smiler alltid veitdu,
og er på plass kvar kamp og dei fleste treningar. Han har vert fotballtrenar tidlegare, men no
er han kun med å hjelper til :)



Legg merke til kor lite kle eg har på meg, ei regnjakke i desember! 17 grader i dag trur eg, no
vil eg heim til snø og minusgrader :)








No skal eg pynte juletre! Etterpå skal eg på treningssenteret for aller siste gang- blir trist det og.
Etter trening skal eg til sentrum - for siste gang det og! hehe :) Skal møte nokre vennar i frå
skulen der, og berre nyte Italia litt til :))

 

Pakking, pakking, pakking !

Heisann :)

No driver eg å pakkar i hop sakene mine. Det å skulle
få plass til alt saman i 2 koffertar på 23 kilo høyrest ut
som ein enkel sak. Men eg berre seier det- det er alt anna
enn enkelt. Tenk då- det er heile livet mitt frå dei siste 3
månedane! Men no skal eg ikkje ta sorgen på forskudd her,
alt går på ein eller annan måte :)

Anyways, no er eg meget klar for å komme heim ! :) I morgon blir det
lunsj på skulen saman med klassene og lærarane. På søndag arrangerar
vertsøstra mi fest for oss der alle dei som kjenner oss kjem, b.la. fotballaget :)

Snart heime hos mamma og pappa ! :)

Og verdens vakraste hund :)

No vert det ein tur på butikken med Linnèa for å handle siste julegodt som
skal takast med heim. I kveld skal eg forresten spele min siste fotballkamp.
Ønsk meg lykke til :))



Offida

Heisann :)

I går reiste vi til Offida etter skulen saman med 2 lærarar.
Der blei vi møtte av fire jenter frå skulen som budde der og
dei tok oss med på omvisning i denne lille landsbyen som
ligg ca. 20 min frå der vi bur. Vi fikk sjå teateret, to kyrkjer og
så var vi på eit museum. Kjempe kjekt og interessant :)

Om kvelden var vi samla alle vertsøsken, oss norske og dei
som kjem til norge i januar hos Linnèa. Her lagde vi risengraut
og koste oss med norske julesongar.




Ein herlig gjeng foran ein enda herligare bakgrunn :)





Ellers så er eg litt stressa for tida. Det er så mykje som skal gjerast no rett før eg reiser. Men
i morgon har vi fri fra skulen pga internasjonal hellig dag. Då skal eg prøve å få pakka litt.
I lunsjtider skal vi samlat i Castel Di Lama (10 min fra Ascoli) der alle vertsfamiliane + familiane
til dei som skal til Norge i januar skal ete lunsj i lag :)

PS: No er det 5 dagar att , EG GLEDAR MEG SOM BERRE DET !!!! :D

18 - års bursdag, lunjs hos Maria og siste fotballtrening !

Heisann folkens :)

Har skjedd mykje sidan sist. I går var eg i bursdag til ei
på fotballlaget, noko som var super koselig. Ho hadde invitert ein
haug av folk, b.l.a. heile fotballgjengen så vi satt i ein ring saman
heile kvelden og berre prata. Eg seier det ein gong til, den gjengen
der er noko av det beste med å vere her. Eg gruar meg til å måtte seie hade til dei...
I dag så var eg med Maria heim etter skulen. Vi lagde bollar til fotball-
laget, i dag var nemlig siste treninga vår (trist, JA, men vi har kamp fredag) og
dessutan hadde ei ny jente bursdag i dag. Vi var og ute å åt mat etter trening,
så eg kom nettopp inn døra (01.30). Eg skal på skulen i morgon til vanleg tid,
men tenkte eg måtte oppdatere de heime først. I morgon er det nemlig full timeplan
igjen!

Først skal vi ut på "sightsing" i byen saman med ein lærar (i skuletida).
Deretter skal alle vi norske ete lunsj i lag i sentrum før vi reiser til ein liten
landsby på eit fjell saman med nokre lærarar fra skulen. Om kvelden skal
alle norske, vertsøsken og dei som kjem til Norge i januar ha grautkveld heime
hos Linnèa. Forhåpentligvis vil det gi meg aldri så lite julestemning. Her har
nemlig vore 20 grader om dagane noko som er heilt sinnsjukt! EG VIL HA SNØØØØ!! !


Ho bak heiter Aida og er den beste fotballspelaren eg nokon gong har spelt mot! Ho spelte
på landslaget i  11-fotball før, men no spelar ho 5-ar fotball på eit lag i øvste divisjon,
fordi det ikkje finnst 11-ar lag i område.
Ho skal bli med oss til Norway Cup, det blir herlig! :D Ho har rå personlighet i tillegg, herlig jente :)

Oss og Gaia, bursdagsbarnet ! :)




Vakre jenter :))






I dag gikk eg og Maria først ein tur rundt i byen.. ->

Så bakte vi sjokolade bollar :)

Så var det trening og deretter ut for å ete kvelds ! :)

'
Eg ( vakker med hårband) og Ilaria :)) !

MEN- no er klokka alt for mykje. Så eg hoppar til sengs og gler meg allereide til i morgon :)
Det er godt eg har så mykje å gjere på den siste veka, då går tida så fort- SNART HEIME NO!!

Tacokveld med fine jenter &lt;3

Hei igjen :)

Eg lovte å skrive om kvelden i går tidlegare. Det vi lagde
var taco (mamma hadde sendt krydder i posten) og så
gulrotkake. Gulrotkaka blei ein stor suksess og vi tok den
med ned til arbeiderane på gården, dei hadde fest i kjellaren
og dei var so glade!! :) Vi fikk mykje skryt!




The norwegian girls !





<3

 

God morgen :)

Heisann :)

I går vart det ingen kamp fordi den skulle visst ha vært
spelt på torsdag, noko vi ikkje hadde fått beskjed om, og dermed
mista laget vårt poenga. Surt. Så eg og Linnéa tok i staden å inviterte
på festmåltid heime hos meg. Kven vi inviterte og kva vi lagde?
Det kjem det eit innlegg om seinare!

I dag slapp vi norske å gå på skulen, rett og slett fordi vi spurte
om ein fridag til å gjere litt julehandling og sånn. Dagens planar:
- gjere lekser
- prøve meg på mi første treningsøkt på over ei veke
- ete lunsj hos familien
- møte dei andre på kjøpesenteret - handle julegåver og forskjellig
som eg skal ha med heim til Norge :)
- Skype med kjæresten
- Ut på byen å ete middag med Marianna og vennane hennar


Havregraut til frukost - fin start på dagen :)

Bologna

Heisann :)

No er formen mykje betre, var på skulen både i
i går og i dag, men har fortsatt pause frå treninga, noko
som suger maks. Har hatt som mål å trene kvar dag
utanom søndagar og har i grunn fulgt det bra opp heilt
til denne veka.. men men- viss det er det som skal til for
å bli frisk så overlever eg :) Dessutan har eg fotballkamp i
morgon, så eg håpar eg kan spele litt av den. Vi får sjå.

No legger eg ved bileta frå Bologna. Det var ei super helg
og eg fikk kjøpt nokre skikkelig fine julegåver. Kven til? Nei,
no kan de lure :D


Vår eigen togkupé !! Vi var overlykkelige når vi fant ut at vi hadde den for oss sjølv, så vi
skrudde på mac-en til Maria og såg Harry Potter- skikkelig stemning å sjå den i ein
tog kupè :)









Paul McCartney var i byen så var fullt kaos i eine gata, vi måtte presse oss i gjennom
folkemengda.





Småsjuk og slita jente :)

Wow! Første gongen eg postar eit bilete av sunn mat eller kva? Hehehe

No er det mykje som skal gjerast og sjåast før vi reiser heim så blir nokre hektiske, men
utruleg kjekke dagar her nede. Da går tida så fort- eg er heime før de veit ordet av det :)

Sjuk- vil heim til Sandane og snø!

HeiHei :)

Hadde ei super helg i Bologna, men eg blei desverre
sjuk. Det vart heller ikkje betre av at eg spelte litt av kampen
i går. Så i dag har eg ikkje gjort anna enn å ligge i senga og
slappa av. Men no er feberen vekke og det er kun halsen og
haudet som ikkje er heilt bra. Bestemora i huset steller
godt med meg, så eg skal ikkje klage :)

Det er sånne  dagar at eg lengtar heim til Sandane. Eg las på facebook
at det har begynt å snø heime og det er så bra!! :D Hadde eit ønske
når eg kjem heim og det var at snøen hadde lagt seg.
I dag er det kun 2 veker til eg er heime folkens! Sjølv om det blir
trist å reise herfra, så kjenner eg at eg er klar for å komme heim.
Men desse 2 siste vekene blir kjempe bra, mykje å finne på no før
vi reiser, så no må eg berre skunde meg å bli frisk :)


 

 

Bilder fra Bologna kjem seinare!

 

St. Katarina !

Heisann :D

No er eg så glad!! Eg føler meg som verdens heldigaste person.
I dag er det visst st. Katarina, er litt usikker på kva det er, men
for bestemora mi så var det visst noko som måtte feirast. Eg
har vertfall navnedag i dag, så kanskje det har noko med det å gjere?
I vertfall, ho hadde laga favoritt retten min, heimelaga potetstappe
med smelta ost og skinkebitar inni + ei super god kake! Er ikkje ho
berre nydelig? :) Det er takk å vere ho eg kan sei at eg ikkje kunne ha
komt i ein betre vertsfamilie. Det kjem til å bli utruleg trist å reise fra den
dama, ho er berre så herlig :) Vi har det kjempe kjekt i lag og ho er den
i familien eg tilbringe mest tid med.


På toppen: Bestemora sin heimelaga krem med heimelaga sjokoladesaus, nyydelig <3



Inne i kaka var det nutella, farlig godt !


No reiser eg til Bologna med Maria :) Vi skal vere der til søndag morning, så tek vi toget
rett til San Benedetto og blir henta der og køyrt rett til fotballkamp- eg har med andre ord
fullt program :) Toget tar litt over 3 timar, men Maria har kjøpt siste Harry Potter filmen, eg fikk
ikkje sett den i sommar fordi eg var i Barcelona, så eg gledar meg som ein unge :)!

Klem og kos !!

Les mer i arkivet » Desember 2011 » November 2011 » Oktober 2011
katrinevhole

katrinevhole

17, Gloppen

Skal tilbringe 3 måndar i Italia som utvekslingsstudent frå sept-des 2011 og vil dele mine erfaringar her på bloggen :) Reiser med orginisasjonen Comenius.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Lenker

hits